Tre nye smittetilfelle i Herøy

Søndag kom det melding om at tre personar i Herøy er registrerte som smitta av covid-19.

Nye koronatilfelle: Tre smittetfelle til. Det melder kommuneoverlegen i Herøy søndag ettermiddag,  Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Tre personar i Herøy har søndag testa positivt på covid-19.

- Alle tre var i karantene anten som følgje av innreise eller kontakt med ein smitta person, opplyser kommuneoverlegen.

Han legg til at ytterlegare seks personar er sett i karantene søndag. Desse gjennomgår standard testregime komande veke, melder kommuneoverlegen.


Herøy kommune om koronatilfelle med ukjent smitteopphav:

- Aktiv Trening i Fosnavåg mogleg stad for smitte