Kommuneoverlegen:

- Ta vaksinen - det vil kome nye smittebølger til hausten og vinteren

Kommuneoverlege Asta Sileikiene ber ungom og vaksne om å ta koronavaksine no.

Oppmodar: Kommuneoverlege Asta Sileikiene oppmodar alle om å ta imot tilbodet om vaksine.   Foto: Sande kommune

Nyhende

– Først og fremst vil vi at alle skal få tilbod om vaksine slik at dei slepp å bli sjuke av korona, seier kommuneoverlegen i ei pressemelding.

Sileikiene peikar på at dei fleste unge vaksne ikkje vil bli veldig sjuke dersom dei blir smitta, men også unge personar kan ein sjeldan gong få alvorleg sjukdom. Kven som blir alvorleg sjuke kan ingen vite, og difor er vaksine den beste beskyttelsen også for unge friske.

Kan smitte vidare

– Og så må vi hugse at også unge vaksne kan smitte vidare til sårbare personer rundt dei, som kanskje ikkje har hatt like god effekt av vaksinen eller ikkje har kunne ta ho av ulike grunnar, legg kommuneoverlegen til.

All vaksinasjon vil begrense smitte i samfunnet slik at vi alle gradvis kan kome tilbake til en meir normal kvardag både i arbeidslivet, på barnehage og skule og i kvardagslivet.

Vaksine til 16- og 17-åringar

Det er no kome klarsignal om at 16- og 17-åringar skal kunne få vaksinen. Sileikiene vil difor oppmode foreldre og føresette om allereie no å ta samtalen om vaksinering med sine håpefulle slik at ein kan kome fort i gang med dette. Sande legesenter tek kontakt for avtalar så snart dei har kapasitet. Dette gjeld dei som er fødde i 2004 og 2005.

Normalisering

Kommuneoverlegen peikar på at færre tiltak og normalisering av kvardagen er avhengig av at mange nok er vaksinerte.

– Sjølv om smittetala er låge no, vil det kunne kome nye smittebølger til hausten og vinteren. Og dersom ikkje mange nok er vaksinert, vil det kunne bety at ein må til med strenge tiltak igjen, understrekar Sileikiene.

Kommunelegen oppmodar difor folk om å tenkje både på seg sjølv og andre – og ta imot tilbodet om vaksine.

– Har du tidlegare takka nei, er det lov å ombestemme seg. Då kan du ringe Sande legesenter for avtale. No har vi vaksine tilgjengeleg for deg, slår kommuneoverlegen fast.