Uroa etter smitte frå ukjend kjelde

Kommuneoverlegen i Herøy meiner det er urovekkjande etter at det er avdekt eit smittetilfelle i Herøy med ukjend smitteveg.

Aasen: Ber folk vere på alerten og ha låg terskel for testing.  Foto: Arkiv/ Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

- Eg vil difor oppmode alle som har berre svake symptom på luftvegsinfeksjon om å redusere kontakten sin med andre til dei har fått teke ein test og fått svar på den, oppmodar Bjørn Martin Aasen.

Torsdag kveld sende kommunen ut fylgjande pressemelding:

- Ein person busett i Herøy har testa positivt på covid-19. Personen er sett i isolasjon. I tillegg er tre personar sett i smittekarantene og vil gjennomgå standard testopplegg i morgon og komande veke. Det er denne gongen uklart kvar smitten kjem frå, noko som er urovekkande, melder kommuneoverlegen i kveld.