Sandssokning smitta - isolert i Sandefjord

Ein person som var på veg til Sande frå utlandet er smitta av korona.

Covid-19: Ein sandssokning sit isolert på Torp i Sandefjord etter å ha fått påvistkoronasmitte. 

Nyhende

Personen som har testa positivt for Covid-19 kom i fylgje kommunen reisande frå utlandet tysdag, og testa positivt med ankomst til Norge.

- Personen sit no i isolasjon på Torp, Sandefjord. Den smitta har ein nærkontakt som sit i karantene i Sande, opplyser Sande kommune.

Sist veke vart det teke 135 testar i Sande. Testing ved symptom er det som kan avdekke smitte, minner kommunen om.


Sande med mest og Herøy med minst koronasmitte på Søre

Målt etter innbyggartal er det den minste kommunen på Søre Sunnmøre, Sande, som har hatt flest tilfelle av korona. Herøy har hatt færrast.