Fleire hundretals vaksinar til Sande

Sande får også fleire vaksinedosar dei komande vekene.

Lysare tider: Sandssokningane er i ferd med å bli fullvaksinerte. I alle fall dei over 18 år som har takka ja til vaksine.  Foto: FHI

Nyhende

Noreg får veldig mange vaksinedosar levert til landet vår om nokre få veker. Sande vil i likskap med Herøy også få veldig mange dosar – ja faktisk eit hundretals pfizer-vaksinar.

– No blir det nok vaksinar til dei som skal få dose 2. Følg med på telefonen din om du får oppringing for avtale frå Sande legesenter, skriv Sande kommune i ei pressemelding.

Har du av ein eller annan grunn ikkje fått tilbod om vaksine eller har takka nei til tidlegare, kan du kontakte Sande legesenter for avtale om vaksinering.

– Vaksinering vil som vanleg gå føre seg på Sandetun omsorgssenter, i kapellet i underetasjen, opplyser kommunen.


Gladnyheit om storleveranse av vaksinar til Herøy:

Alle herøyværingar kan vere fullvaksinert i september

Herøy kommune får ein storleveranse med vaksiner for veke 34. Det betyr at alle kan bli fullvaksinert innan utgangen av september, opplyer kommuneoverlegen og vaksineteamet i Herøy.