- Ha låg terskel for å teste deg

- Det er svært viktig at alle som kjenner på symptom, eller trur dei har vore utsett for smitte, har låg terskel for å ta koronatest. Det er på den måten vi kan avdekke smitte i befolkninga.

Elise Waade Myklebust og Bjørn Martin Aasen oppmodar om å ha låg terskel for testing.  Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

Nyhende

Det seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i ei pressemelding.

Saman med mellom andre Elise Waade Myklebust, som er smittesporingskoordinator og ein del av smittesporingseininga i Herøy kommune, understrekar han at det er ekstra viktig slik situasjonen er no.

– Situasjonen er oversiktleg, men den siste smittekjelda har vist seg å ha ukjend smitteveg. Derfor er testing så viktig for å avdekke smitte, forklarar Aasen.


Vi er inne i ein fase i gjenopninga der mange flyttar meir på seg og har vore på sommarferie andre stadar, og det fører til at ein i større grad kan vere uheldig og bli smitta.

– Ta derfor symptom på alvor. Sjølv vaksinerte kan bli smitta, så derfor oppmodar vi også vaksinerte om å ta test ved sjølv svært lette symptom, seier kommuneoverlegen som også minner om hyppig handvask og at ein skal halde seg heime ved symptom.


Vaksinemaratonen bak kulissane

Torsdag gjekk den største vaksinemaratonen så langt i Herøy av stabelen. Vi var «fluge på veggen».


Vi minner om reglane for karantene:

Definisjon på nærkontakt:

  • Nærmare enn to meter i meir enn 15 min eller fysisk kontakt.
  • Om ein har vore i lag innandørs over tid vil ein også bli rekna som nærkontakt, t.d. på ein fest eller samkome.

Følgande gjeld for nærkontaktar:

Fullvaksinert:

  • Ikkje pålagt karantene eller testing.
  • Vi oppfordrar likevel til test, særleg ved symptom.

«Beskytta», det vil seie ein vaksinedose for meir enn tre veker sidan:

  • Ikkje pålagt karantene, men er pålagt test mellom dag 3 og 7.

Uvaksinerte:

  • 10 dagars karantene
  • Ein bør teste seg så fort som mogeleg
  • Ein kan teste seg ut av karantene om ein testar seg på dag 8 etter siste kontakt med den smitta.

Nærkontaktar til nærkontaktar er ikkje i ventekarantene og kan oppføre seg som normalt. Dersom nærkontakten har symptom eller ein sjølv har symptom er det fornuftig å halde seg heime til vedkomande eller ein sjølv får svar på testen.