Ein person smitta i Sande

Ein person med symptom har testa positivt etter hurtigtest i Sande tysdag.

Korona , Covid-19 

Nyhende

Det skriv Sande kommune i ei oppdatering på sine heimesider tysdag kl. 17.00.

Vedkomande har også tatt PCR-test. Denne blir køyrt til Molde for analyse i ettermiddag. Smittekjelde er førebels ukjend.

- Det er mange nærkontakter, ca 50. Desse har allereie testa seg no i ettermiddag. Hittil har ingen av nærkontaktene hatt positivt utslag på hurtigtest som er tatt i tillegg til PCR-test.. Desse testane blir også køyrt til Molde i ettermiddag og svara frå PCR-testane er venta i morgon, heiter det i pressemedlinga.

I førree veke vart det tatt til saman 112 testar.

- Dette viser at vi har fått med oss den viktige bodskapen om å teste oss ved symptom. Ingen av desse hadde positiv test.

Hald avstand - vask hender - ver heime om du er sjuk!