Martini har teke over roret i Havila Kystruten

Måndag 9. august starta Bent Martini som ny administrerande direktør i Havila Kystruten.

Bent Martini er ny administrerande direktør i Havila Kystruten.  Foto: Havila Kystruten

Nyhende

Martini har brei og relevant erfaring frå maritim verksemd både på sjø og land med bakgrunn frå Forsvaret, Klaveness-reiarlaget og Hurtigruten. Martini er busett i Asker og skal vekependle til Fosnavåg og hovudkontoret til Havila Kystruten, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.