Fleire barn smitta i Herøy

To personar i Herøy kommune har testa positivt på covid-19 søndag.

Korona , Covid-19 

Nyhende

Dei smitta er barn i barne- og ungdomskulealder. Dei går frå karantene til isolasjon då dei er nærkontaktar til den smitta som vart meldt fredag kveld.

Det opplyser Herøy kommune på sine heimesider.

– Smittekjelda er ukjend så vi ber alle vere ekstra merksame på symptom og ta test. Nærkontaktar vert kontakta og sett i karantene og vil bli testa i morgon, måndag. Dette gjeld blant anna eit handballag i Bergsøy IL. Den einskilde spelar/føresette vert direkte informert av trenar og smittesporingsteamet, heiter det i pressemeldinga.