Tal frå Trygg Trafikk:

Mange mista livet i juli-trafikken

Til saman tolv personar mista livet i trafikken i juli. Det gjer månaden til den månaden med flest omkomne så langt i år.

Juli-trafikken: I alt tolv personar mista livet i trafikken i juli.  Foto: Colourbox

Nyhende

I løpet av juli omkom totalt tolv personar i trafikken i Noreg, syner tal frå Trygg Trafikk. Etter fleire månader med nedgang i talet på drepne i trafikken førte sommartrafikken med seg ein bratt auke. I fjor omkom ni personar i juli.