Kirkens Bymisjon Møre arrangerte sommarleir på Kjeldsund:

- Ein veldig god stad å vere

Førre veke arrangerte Kirkens Bymisjon sommarcamp for ungdom på Kjeldsund Ungdomssenter. Ungdom i alderen 12-18 år var med og på programmet stod mellom anna vassaktivitetar og mesternes mester.

Klare for kamp: Dei to laga er klare for softbattle-kamp.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

På nokre bord utanfor hovudhuset på Kjeldsund Ungdomssenter sit det nokre ungdomar i refleksvestar og fem vaksne frå Kirkens Bymisjon Møre. Dei har base i Ålesund, men denne veka arrangerer dei sommarleir i Kjeldsund.