Ny utbyggingsplan klar for politisk handsaming og høyring i Herøy:

Slik vil Axel bygge ut ei reiselivssatsing i Sævikane

Friluftsentusiast Axel Bjørklid har saman med B. Tarberg AS utvikla ein rykande fersk plan for utbygging av eit bustad- og fritidsområde, med tilhøyrande molo og hamn nær Bakarneset i Sævikane. No satsar han på tommel opp frå offentlege mynde og lokalpolitikarar.

Axel Bjørklid: Bergensaren synest Herøy verkar som ein bra plass og satse. Foto. Bjørnar T. Sævik 

Ein av styrkane til eigedomen er kor vakkert her er når floa førar vass-spegelen tett opp i husa og nausta.

Axel Bjørklid
Nyhende

– Ein kan kategorisere prosjektet ein stad mellom eit hotell og ein campingplass. Intensjonen med planane er blant anna å svare ut eit behov innan friluftsturisme som berre aukar i popularitet – i tråd med den reiselivssatsinga som går føre seg lokalt i kommunen.