Koronasmitte i Sande - stengjer for besøk på Sandetun

Søndag ettermiddag melder Sande kommune at ein innbyggjar har testa positivt på Covid-19. Sandetun omsorgssenter vert stengt for ordinært besøk.

Korona, covid-19 

Nyhende

Ein innbyggjar i Sande har testa positivt for Covid -19. Smitten er relatert til utbrotet i Ørsta og Volda, men er ikkje éin av dei seks kontaktene Sande kommune har meldt om tidlegare.

I ei pressemelding skriv Sande kommune at ein tilsett ved Sandetun omsorgssenter er definert som nærkontakt.

- Pasientar og personell i aktuell avdeling blir testa i dag. I påvente av svar på testar vert omsorgssenteret stengt for ordinært besøk, i første omgang til og med 2. august, skriv kommunen i pressemeldinga.

Meldinga kjem dagen etter at kommunen kunne opplyse om at ingen av dei seks som sat i ventekarantene testa positivt.

- Vi sluttar oss til den sterke oppmodinga frå kommunane med store smitteutbrot om å vere med på dugnaden for å unngå meir smitteutbreiing. Vurder situasjonen framover og gjer gode vurderingar på kvar du ferdast. Er du ikkje vaksinert, må du vere ekstra varsam, oppmodar kommunen.