Håkon Remøy jobbar som manusredaktør i forlaget Det Norske Samlaget:

- Eg kan vel eigentleg seie at eg har funne draumejobben

Håkon Remøy jobbar i forlaget Det Norske Samlaget i Oslo. Han trivest godt i storbyen, men frå varme sommardagar i hovudstaden er det godt å kome heim til den friske og kjølige lufta på Remøya.

Forlagsjobb: Håkon Remøy (27) arbeider som manusredaktør i nynorskforlaget Det Norske Samlaget i Oslo.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

Håkon Remøy er heime på Remøya på sommarferie. Til vanleg bur han i Oslo, der han sidan august i fjor har jobba som manusredaktør i forlaget Det Norske Samlaget.