Startar opp med breiband til Runde

60 abonnentar: Gjennom kommersiell utbygging står Tussa klare til å levere breiband til rundt 60 abonnentar på sørsida av Runde.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Tussa IKT er i gang med førebuingane til å føre fram breiband til Runde. Utbygginga er planlagt å starte i august eller tidleg september. I den samanheng søkjer dei no om løyve til å gå i land med sjøkabel aust for Remøybrua. Frå der sjøkabelen kjem på land skal den leggast vidare i nedgravne rør fram til fiberskapet som står under brua.