Opna lesekiosk på Årvika ferjekai

Torsdag var det offisiell opning av lesekiosk nummer 69 på Årvika ferjekai i Sande. Ordførar Olav Myklebust håper kiosken kan bidra til auka leselyst for barn og unge.

Opna lesekiosken: Ordførar Olav Myklebust (SP) opna lesekiosken torsdag.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

- Det er eit veldig flott tiltak å få lesekiosk her i Årvika. Eg håper han kan bli til inspirasjon for alle som likar å lese, sa ordførar Olav Myklebust (SP) då han opna lesekiosken ved Årvika ferjekai.