Ingen positive prøver så langt: - Dette er godt nytt

Nyhende

I løpet av kvelden er det kome inn negative svar på alle som sit i smittekrantene i Herøy. Det manglar imidlertid eit testsvar enno. Det er såleis ikkje, så langt, påvist smitte utover dei tre personane som for augneblinken er sett i isolasjon.

- Dette er godt nytt, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Testinga av desse personane vert vidareført over helga i samsvar med fastsett plan.

Ingen smitte i Sande

I kveld stadfestar kommuneoverlegen i Sande at ingen av dei seks personane som vart sett i ventekarantene, er smitta.

- Det er vi glad for. Vi sluttar oss til den sterke oppmodinga frå kommunane med store smitteutbrot- om å vere med på dugnaden for å unngå meir smitte, skriv Sande kommune.