«Sanita»:

Dette var det einaste rutesambandet Flåvær hadde med «omverda»

Hans Haugen som i mange år hadde ansvaret for mellom anna dokter- og ambulanseskyssen i Herøy, sparte seg aldri i det viktige arbeidet han gjorde.

LITEN, MEN VIKTIG: «Sanita» var ofte ute på oppdrag enten i dokter- og ambulansetrafikk eller som post- og passasjerbåt. Båten var 38 fot lang og gjekk med 13 knops fart.   Foto: Harald Thorseth

Då Herøybrua stod ferdig hausten 1976, var «Sanita» si tid ute.

Nyhende

Hans Haugen kjøpte skyssbåt i 1947 og dreiv med skyssing til han døydde i 1976. I 1950-åra kjøpte han «Hallkjell». Båten vart mykje nytta i åra utetter, ikkje berre som dokter- og ambulansebåt. Med dei dårlege rutetilboda det var her ute på øyane, var det stort behov for ein slik skyssbåt.