- Vi følgjer situasjonen nøye for Herøy

Smitteutbrotet i Ørsta/Volda fører førebels ikkje til innstrammingar i reglar lokalt. Herøy kommune følgjer nasjonale råd og reglar, skriv Herøy kommune i ei pressemelding.

Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Det er eit alvorleg utbrot i nabokommunane våre med mange smittetilfelle. Vi følgjer situasjonen nøye for Herøy, og tiltak vert vurdert fortløpande ved behov, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

– Utbrotet i Ørsta/Volda blant ungdom og unge vaksne viser at pandemien dessverre ikkje er over. Testing gjer at vi kan avdekke smitte og får halde på kontrollen, seier han.

Kommunelegen oppmodar alle om å vise ekstra varsemd i tida framover.

– Avgrens nærkontaktar, hugs god handhygiene, hald deg heime om du er sjuk og ta test dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon. Er du usikker på om du kan ha vore utsett for smitte utan å vere direkte nærkontakt, så ta ein test, følg dei grunnleggande smittevernreglane, seier Aasen.

Testkapasiteten er god i Herøy og kommuneoverlegen minner om at det er viktig å ta vaksine for å beskytte seg mot covid-19-sjukdom. Har du ikkje booka deg time til vaksinasjon eller tidlegare har takka nei, kan du likevel få vaksine no, påpeikar han.