Politiet med trafikkontroll på Sandsøya og Kvamsøya etter tips

Tysdag ettermiddag denne veka blei det gjennomført ein trafikkontroll på Sandsøya og Kvamsøya. Det opplyser lensmann Tor Sæther til Vestlandsnytt.

Tor Sæther: Lensmann Tor Sæther seier at politiet har fått inn tips om uansvarleg køyring på øyane i Sande. Han ber om at fleire må ta kontakt om dei kjenner til dette.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Av dei 14 kontrollerte bilane som vart stoppa, var der ingen ulovlegheiter å rapportere, opplyser lensmannen. Han er likevel open om at politiet var der då dei hadde for tips om uansvarleg bilkøyring på øyane.