Lanternen stenger kafeen som føre var-tiltak

På grunn av den alvorlege og uavklarte situasjonen med koronasmitte i området vårt, så har Lanternen ved dagleg leiar Kåre Jensholm valt å stenge kafeen på Jensholmen frå i dag (fredag) til over helga.

Kåre Jensholm driv Lanternen på Jensholmen.  Foto: Arkiv

Nyhende

Gatekjøkkenet blir derimot halde ope, der det blir mogleg å kjøpe både middag og grillmat, skriv Jensholm i ei pressemelding.

– Det er no stort trykk på kafeen, vi gjer dette som eit førebyggande tiltak til situasjonen er meir avklart, vi vil ikkje bidra til at smittesituasjonen kjem ut av kontroll, skriv Jensholm.


Fleire i karantene i Herøy og Sande:

Koronasmitte i Herøy - knytt til utbrot i Volda/Ørsta