Ledigheitstala for juli er klare:

God utvikling i arbeidsmarknaden i fylket

Juli-tala frå NAV syner at det samla sett er færre heilt og delvis arbeidsledige i fylket samanlikna med månaden før.

God utvikling: Juli var ein god månad for arbeidsmarknaden i fylket.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik (arkivfoto)

Nyhende

Det er til saman 3.512 heilt arbeidsledige i Møre og Romsdal ved utgangen av juli. Det er 229 fleire enn i juni og utgjer 2,5% av arbeidsstyrken. Samtidig er det 1.929 delvis ledige i fylket, noko som er 686 færre enn i juni. I ei pressemelding skriv NAV Møre og Romsdal at slike svingingar er vanlege i juli.