Taretrålar sleit vassleidninga til Kvalsvika

Taretrålaren er tilbake på Kvalsvika, og denne gongen tok han også med seg den nye vassleidninga til Herøy vasslag.

Fryktar moloskadar: Folk i Kvalsvika fryktar nye skadar på moloen etter at «Taresund» igjen har reinska botnen for den bølgjedempande taren heilt inn til moloen på Kvalsvikhamna.   Foto: Bjarne Kvalsvik.

Nyhende

Den nylagde vassleidninga til Kvalsvika måtte takast opp og reparerast etter at taretrålaren «Taresund» fekk skikkeleg tak og måtte bruke alle sine krefter på å kome seg laus. Til slutt måtte den solid fastbolta leidningen gi etter, og augevitne kan fortelje at det var krefter i sving medan det stod på utfor molen torsdag i førre veke.