No eig Havila Holding 100 prosent av aksjane i Fjord1

Havila Holding har gjennom dotterselskapa Havilafjord AS, Havilafjord Holding og Havilafjord Holding 2, sikra seg eigarskap til 98,8 prosent av aksjane i Fjord1.

Per Sævik og familien eig no 100 prosent av aksjane i Fjord1.   Foto: Bjørnar T. Sævik/Havila

Nyhende

Sævik-familien skriv i ei børsmelding at Havilafjord AS no vil tvangsinnløyse dei resterande minoritetsaksjane for 52 kroner per aksje. Dei vil automatisk bli overført til Havilafjord AS, og dermed vil Havila Holding frå torsdag eige 100 prosent av aksjane i Fjord 1.