Fryktar nye flaumproblem i Huldalen

Huldal barnehage er kritiske til Tømrer prosjekt sine planar i samband med vidare utbygging på Huldalsbana i Fosnavåg.

Huldal barnehage: Etter siger i tingretten før jul blei det tap i Frostating lagmannsrett for Huldal barnehage i striden mot Tømrerprosjekt rundt vassproblematikken i Huldalen. 

Nyhende

Dersom innløpet til Huldalselva blir blokkert går flaumvegen til elva gjennom barnehagen og vidare på dykkar eigedom. Ved ei eventuell heving av terrenget vil både flaumvegen og uteområdet bli blokkert. Dette kan føre til store skadar på leikeapparat og uteområde, skriv leiinga for barnehagen i ein merknad til nabovarsel frå Tømrer prosjekt.