Dette gjorde seglskuta Christian Radich i Herøy torsdag

Torsdag morgon la skuleskipet og fullriggaren Christian Radich til kai ved Mjølstadneset i Herøy. Her låg dei i om lag tre timar før ferda gjekk vidare.

Om skuta: Christian Radich har ei total lengde på 62,5 meter, 73 meter medrekna bauspydet. Breidda på båten er 9,7 meter. Over vassoverflata er båten 37,7 meter høg.   Foto: Børnar T. Sævik

Nyhende

Vestlandsnytt møtte opp på kaia i det nokre av passasjerane vart losa om bord i sunnmørsjekta Anna Olava. Fleire om bord på fullriggaren ønskja nemleg å besøke Herøy kystmuseum og den gamle kyrkjestaden på Herøy gard.