Turistar, fastbuande og pilegrimar strøymer til Herøy Gard – har allereie dobla besøkstalet:

– Her er folk kvar dag

Herøy Gard kan vise til ein flott sommarsesong så langt. Besøkstalet er allereie meir enn dobla samanlikna med fjoråret, og alt tyder på at fleire har fått opp auga for kystmuseet, nøkkelstaden og sagaøya.

Besøksvertar: Denne trioen kan rapportere om fleire gjestar, kvar dag, på Herøy kystmuseum. Dei trivast elles godt i sommarjobben som museumsvertar. F.v. Sigurd Myrene, Maria Seljeseth og Thomas Fiskerstrand. I tillegg til dei tre har garden også to andre besøksvertar, Andrea Helen Bøe og Henrik Hjorthaug Halle. 

Nyhende

– Så langt i juli er besøkstalet 25 prosent høgare enn fjorårets juli-tal. Samla sett har vi elles meir enn dobla gjestetalet i år.