Positiv pandemi- og turisteffekt for handelsnæringa: Resultatdobling for Meny

– Mat må folk ha, og når folk ikkje kan gå ut og ete, så må dei handle og lage meir mat heime.

DOBLING: Meny-sjef Jon Robert Moen kan gle seg over fin omsetningsvekst og ei dobling av driftsresultatet for Moen Mathus i 2020. – Pandemi og turistvekst er mi enkle forklaring, seier han. Foto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

Dette er ifylgje Jon Robert Moen mykje av forklaringa på den fine omsetningsveksten som Moen Mathus fekk i 2020. Rekneskapen som no er framlagt viser at Meny-butikken i Fosnavåg hadde ein omsetningsvekst på 14–15 prosent i fjor, og over ei dobling av driftsresultatet frå året før.