«Don Toni» har tatt heilt av på TikTok - fleire milionar avspelingar:

– Ganske sjukt å tenke på

Med fleire millionar avspelingar og over 46.000 følgjarar har Herøy-fiskar Antoni Sævik (19), aka. Don Toni, tatt heilt av på TikTok og sosiale medium.

«Don Toni»: Fleire millionar visningar på videoplattforma TikTok har gjort at maskin-lærlingen Antoni Sævik (19) frå Remøya blir kjent att over heile landet – sjølv om det er under aliaset Don Toni. Her ser vi han om bord på Kings Bay, arbeidsplassen der det heile byrja. Foto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

– Det er ganske sjukt å tenke på. Den mest sette videoen har over 1 million avspelingar. Ein blir tullete i hovudet av å tenke på kor mange som faktisk ser på dette opplegget.