Oppdatert:

To smittetilfelle på Sande-båt i Herøy - mannskap på 14 i karantene

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

I natt vart det meldt at to personar som kom til Noreg og Herøy for ei veke sidan har testa positivt på covid-19 under karanteneopphald. Desse to personane er del av eit mannskap på båt som ligg ved kai i Herøy.

- Båten med mannskap på 14 personar er difor sett i karantene til ein har fått betre oversikt over situasjonen i løpet av dagen, seier kommuneoverlegen i ei pressemelding tysdag.

Oppdatert 17:40: Seinare på ettermiddagen gjekk kommuneoverlegen i Herøy i samarbeid med reiarlaget Sanco Shipping, ut med vidare informasjon om situasjonen.

Mannskapet på skipet Sanco Atlantic, tilhøyrande reiarlaget Sanco Shipping i Sande, er sett i smittekarantene etter at to av nytt mannskap som kom ombord 20.07 testa positivt for covid-19 den 26.07. Skipet ligg til kai ved Herøyterminalen i Herøy.

Av forsiktigheitsgrunnar har kommunneoverlegen i Herøy, i nært samarbeid med FHI og reiarlaget, valt å sette heile mannskapet i karantene. Dei to av mannskapet som testa positivt er sett i isolasjon på annan opphaldsstad og vert tekne hand om der av reiarlaget. Det vert gjennomført smittesporingstesting av mannskapet i dag 27.07, fredag 30.07 og tidleg neste veke. Resultatet av testane avgjer kva vidare tiltak som vert sett i verk.