Sommarskuta passerte tysdag Herøy og Sande

Tysdag ettermiddag segla Statsraad Lehmkuhl – NRK si sommarskute - forbi Herøy og Sande.

Sommarskuta til NRK, Statsraad Lehmkuhl, segla tysdag forbi Herøy og Sande. Her ser vi skuta fotografert frå Fosnavåg.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Noregs største og eldste skværrigga seglskute, Statsraad Lehmkuhl, passerte Herøy og Sande mellom 16.00 og 18.00 tysdag ettermiddag. Om bord var NRK som i år reiser langs heile Noregs kyst. Ferda går frå nord til sør gjennom seks veker, minutt for minutt. Dei starta utanfor Nordkapp 6. juli og er venta i Arendal 15. august.