Så mykje eigedomsskatt vart det samla inn på Søre Sunnmøre i 2020

Kommunane i Møre og Romsdal tok inn vel ein milliard kroner i eigedomsskatt i 2020. Herøy og Sande fekk null.

SKATT: Kommunane i fylket tok inn store summar i eigedomsskatt i fjor, unnateke Herøy, Sande og Vanylven. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik 

Nyhende

Saman med Vanylven er Herøy og Sande dei einaste kommunane i Møre og Romsdal som enno ikkje har innført eigedomsskatt. Ei fersk oversikt frå statsforvaltaren viser kor mykje dei andre kommunane henta inn på den frivillige skatteordninga i 2020.