Herøy:

To personar sett i smittekarantene etter koronatilfelle på fly

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

To personar som kom til Herøy 21.07.21 er torsdag sett i smittekarantene etter varsel om smitte om bord i fly frå Oslo til Ålesund 21.07.21, skriv Herøy kommune.

– Begge personar testa negativ ved innreise til Noreg, og var i innreisekarantene frå 21.07.21. Det vert gjort ny test ved avslutting av smittekarantenen, opplyser kommuneoverlegen torsdag ettermiddag.