Tre bedrifter konkurrerte om oppdrag:

Dette firmaet får prosjektere i Dragsund

FULLT: Det er ikkje fleire ledige tomter igjen i Dragsund bustafelt, men reguleringsplanen er klar for neste utbyggingsetappe. Der ligg det til rette for både ein- og tomannsbustader. Privat foto. 

Nyhende

Norconsult får oppdraget med å prosjektere den framtidige bustadfeltsatsinga i Dragsund. Det opplyser Herøy kommune i ei orientering til dei tre tilbydarane. Selskapet kom best ut av tilbodskonkurransen med ein pris på 349.540 kroner. Asplan Viak skulle ha 443.750 kroner for same jobben, medan Mulvik hadde eit tilbod på 461.250 kroner.