Vestvang ber om utvida merknadsfrist

VESTVANG:   Foto: Jann Flatval

Nyhende

Vestvang har bede om å få innsyn i vurderingane som Herøy kommune har lagt til grunn for å tildele BS Undervisning kontrakt på kjøp av læremiddel. Samtidig ber dei om utvida frist for å kome med merknader, då ein frist på to dagar er i kortaste laget. Vestvang fekk ikkje melding om tildelinga, men måtte lese om den i lokalavisa.