Sprengt ferjekapasitet skapar lang ventetid for folk på Sandsøya: – Irriterande

Utflytta sandsøying Ann Helen Våge og familien, som er på ferie på Sandsøya i år, er blant fleire som har fått kjenne på sprengt ferjekapasitet på Larsnes-sambandet denne sommarferien.

Mange bilar: Dette bilete frå torsdag syner kor mange bilar som skulle resie med ferja. Fleire bilar blei ståande igjen på kaia og måtte vente i to timar på neste avgang.   Foto: Endre Vorren

Nyhende

I likskap med 15 andre bilar stod dei torsdag stranda tilbake på ferjekaia på Voksa, då ferja som gjekk kl. 10:45 ikkje hadde plass til fleire bilar. Også etter ferja klokka 13 blei der ståande bilar att og vente på ferjekaia.