Statsforvaltaren uroa over gjeldsgraden til kommunane:

Kan bli problem for mange

Høg lånegjeld og aukande rente kan bli eit problem for Herøy og mange andre kommunar i fylket når renta går opp.

Illustrasjon: Herøy rådhus.  Foto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

Det varslar statsforvaltaren i Møre og Romsdal, som er uroa over gjeldsgraden til mange av kommunane i fylket. Grunnlaget for uroa er at netto kommunal lånegjeld i fylket no er på 110,8 prosent av brutto driftsinntekter, medan landsgjennomsnittet er på 96,1 prosent.