Sandeordførar Olav Myklebust etter 22. juli-markeringa i Molde:

– Vi må ikkje gløyme det førebyggande arbeidet

Sandeordførar Olav Myklebust var ein av fleire ordførarar som deltok under minnemarkeringa for 22. juli-terroren i Molde onsdag. Det var ei viktig påminning om å drive førebyggande arbeid, meiner han.

Olav Myklebust: Sandeordføraren er veldig oppteken av at ein ikkje må gløyme førebyggande arbeid for å hindre at folk fell utanfor samfunnet.   Foto: Arkiv/Bjørnar T. Sævik

Nyhende

– Under arrangementet blei vi av overlevande minna på at vi må vere obs på radikalisering – også i våre eigne lokalsamfunn. Ungdomar kan i dagens digitale verd fort bli freista og inspirert inn i skadelege miljø, seier Myklebust til Vestlandsnytt.