Ti år sidan terroråtaket på Utøya – Antonia Kvalsvik var ei av dei som overlevde:

– Hat og rasisme lever i beste velgåande

Det er opp til kvar enkelt å ta eit oppgjer med hat og rasisme. Det er bodskapen til Antonia Kvalsvik, ord ho sjølv har lagt handling bak, ti år etter at ho var nær ved å miste livet i terroråtaket på Utøya.

Antonia Kvalsvik: I 2011 var Antonia Kvalsvik ei av dei som overlevde Utøya-terroren 22. juli. I dag, ti år seinare, meiner den utflytta herøyværingen at hat og rasisme framleis står sterkt. Ho oppmodar kvar einskilde person om å ta eit oppgjer med akkurat dette, og jobbar sjølv aktivt med å motverke hat og rasisme. I september har ho mellom anna tenkt seg til Palestina for å jobbe med desse problemstillingane. Foto: Privat 

Nyhende

Ti år har gått sidan dei grufulle terroråtaka mot regjeringskvartalet i Oslo og AUF sin ungdomsleir på Utøya. 77 uskuldige menneske – dei fleste politisk engasjerte ungdom – blei 22. juli 2011 brutalt drepne, og fleire alvorleg skada av den dømde, høgreekstreme mordaren Anders Behring Breivik.