Hærverk ved uteområdet til Gnist Myklebust:

Bensinlukt og brende leiker møtte barna

Måndag var det eit trist syn som møtte barna i Gnist barnehage på Myklebust då dei skulle ut og leike på sitt fine uteområde i Eldarskogen.

Dette synet møtte barna og dei tilsette i Gnist Myklebust på måndag denne veka.  Foto: Bodil Kopperstad

Nyhende

Til barna og barnehagepersonalet si store forskrekking møtte dei ei intens bensinlukt, leikedyr som var forsøkt påtent, knuste potter og andre øydelagde gjenstandar. Dei fann også ei bensinkanne, fyrstikker og tennvæske på staden.