Hoggormen har bite mange så langt i sommar

Fleire enn vanleg har fått hoggormbit i juli. Det er uklart kva som er årsaka, opplyser Giftinformasjonen.

Hoggorm: Mange har blitt av hoggorm så langt i sommar.  Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Nyhende

Giftinformasjonen har registrert 142 hendingar denne månaden. Allereie før juli er over er det registrert fleire førespurnader enn i det førre toppåret som var 2018, skriv Dagbladet. Då vart 137 bitne i heile juli. I 2020 vart det registrert 125 førespurnader i juli, medan det i 2019 vart registrert 117.