Går mot nok ein rekordsommar for Thon Hotel Fosnavåg:

– Veldig fornøgd så langt

Thon Hotel Fosnavåg er på god kurs til å kunne slå besøksrekorden frå fjorårets sommarboom. Hotelldirektør Monica Bjørhovde siktar høgt.

Monica Bjørhovde ved Thon Hotel Fosnavåg: Hotelldirektøren går for besøksrekord denne sommaren. Foreløpig ligg dei framom besøkstala frå juli i fjor. Arkivfoto: Josefine Spiro 

Nyhende

– Så langt i juli ligg besøkstalet vårt fram om det vi hadde i fjor på same tid. Dette lovar bra, og vi er veldig fornøgde så langt, seier ho til Vestlandsnytt.