Herøy kommune klarte ikkje å bruke alle pengane, må betale tilbake

Herøy rådhus  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Herøy kommune greidde ikkje å bruke opp alle pengane som kommunen fekk til opplevingskortordninga i 2020. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet ber difor om å få betalt tilbake 49.190 kroner av tilskotet som var på til saman 198.000 kroner. Føremålet med tilskotsordninga er å inkludere barn og unge.