"Ei tid var":

PÅ SOMMARFERIE I AURVÅGANE

Frå eg var ein neve stor og til eg vart tenåring, var eg kvart år på sommarferie på Thorseth-garden i Aurvågane.

PÅ THORSETH-GARDEN: På biletet, som er frå midten av 1950-åra, ser vi bestefaren min, Rasmus Thorseth (1866–1960). Mellom meg og han er Ulrich, ein tysk flyktning, som budde på garden i to-tre månader. I desse åra var nesten 20 000 flyktningbarn frå Berlin på ferieopphald hos pleieforeldre i Norge.  Foto: JENS K. TENFJORD

Det gjekk ikkje lenge før dei omtalte meg som «Byturisten frå Fosnavåg». Litt indre-ytre-Herøy-strid var det også før i tida.

Nyhende

I min barndom var det gjerne slik blant oss ungane at til lenger borte frå Fosnavåg vi hadde feriert, til sværare var det. Det gav ein viss sosial status. Var ein så heldig å ha ei mor eller ein far til dømes frå Trøndelag, var det nærast ei sjølvfylgje at det av og til vart ein tur dit i ferien. Far min var frå indre Herøy, og mor mi frå ytre. Dermed låg det i korta kvar eg skulle feriere.