Ungdomsfiskeordninga 2021:

Laber interesse i Møre og Romsdal

Berre vel ein prosent av dei påmelde til ungdomsfiskeordninga i 2021 er frå Møre og Romsdal.

UNGDOMSFISKE: Henrik Myklebust med småsjarken Sævikfisk er einaste påmelde frå Herøy til ungdomsfiskeordninga i 2021. 

Nyhende

Fiskerifylket Møre og Romsdal lite representert i ordninga som gir ungdom mulegheit til å drive fiske i sommarferien og tene pengar på det. Av 514 påmelde til årets ungdomsfiske er berre sju frå Møre og Romsdal. Den einaste påmelde frå Herøy er Henrik Myklebust med sjarken Sævikfisk.