Terje Teige leksa opp for Ola Borten Moe:

Peika på fleire skjer i sjøen for fiskerinæringa

Brexit-krøll. Co2-avgift. Interessekonflikt med havvind. Fiskerinæringa går bra, men det er fleire utfordringar no og framover i tid.

Tydelege signal frå Teige: Terje Teige (t.v.) orienterte Ola Borten Moe og Sp-delegasjonen. Vidare mot høgre ser vi stortingskandidatane Geir Inge Lien og Per Ivar Lied.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Fredag var første nestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe, på valkamptur til Herøy. Det skjedde berre nokre dagar etter at sjømat- og fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen hadde heildagsbesøk i fiskerikommunen.