Leiar:

Smart sommartips!

Ferske nyheiter fleire gongar for dag: Vestlandsnytt.no: Skjermdump frå nettsida vår tysdag 13. juni. Dei fleste toppsakene har enno ikkje stått på trykk i papiravisa, og kan reknast som ferskvare.  Foto: Vestlandsnytt

Nyhende

Stundom får vi signal som tyder på at det er fleire papirabonnentar (kompletabonnentar) som framleis ikkje har fått med seg det fulle omfanget av abonnementet. Nemleg at ein som abonnent også har full tilgang til alle saker på våre nettsider, der også papiravisa i digitalt format (e-avis) ligg.

Ikkje minst er det veldig greitt no om sommaren, å kunne klikke seg inn på ferske lokalnyheiter. Her publiserer vi nye saker dagleg, også relativt raskt, viss det er brennheite nyheiter det dreier seg om. Mange av sakene i papiravisene har også stått på nett i fleire dagar før dei altså kjem på papir.

Vestlandsnytt har hatt ein fin vekst i talet på digitale brukarar etter at vi – som ei av dei siste lokalavisene i fylket – kom med eiga nettavis for berre litt over tre år sidan. Men det ser altså ut som mange framleis nøler med å ta i bruk det digitale, sjølv om abonnentane altså har det inkludert i prisen.

Det er berre å sende ein e-post eller ringe til abonnementsavdelinga. Der kan ein få hjelp til å bruke ei teneste som altså ligg innbaka i abonnementet. Det dreier seg rett og slett om å få meir att for pengane!