Havila Kystruten

Har henta inn ein halv milliard - første er snart reiseklar

Havila Kystruten har henta inn 500 millionar kroner i det som vert omtala som "ein vellukka aksjeemisjon".

Først ut: Havila Capella er den første av kystrutene. Dei tre andre kjem neste år.  Foto: Havila Kystruten

Nyhende

Emisjonen er teikna av ei brei gruppe norske og internasjonale investorar. Ei gruppe nøkkelinvestorar står åleine for 232 millionar kroner.

- Det var solid interesse for emisjonen, seier konst. adm. dir. Arne Johan Dale i Havila Kystruten i ei pressemelding.

Pengane skal sikre selskapet tilstrekkeleg likviditet til førebuingar, leveranse og å sette i drift dei fire kystruteskipa etter kvart som dei vert leverte frå Tersan-verftet i Tyrkia.

- Første skip er venta frå verftet i løpet av dei næraste vekene, og vil bli sett i drift på kystrutekontrakten med samferdselsdepartementet. Dei resterende skipa er venta til andre kvartal 2022, heiter det.

Sævik framleis med kontroll

Nokon lurer kanskje på om selskapet gjennom emisjonen no får ein eigarskap som er spreidd for alle vindar. Det er for så vidt rett, men i fylgje Havila Kystruten vil Sævik-familien framleis ha kontrollen. Dei vil eige over halvparten av selskapet - gjennom Havila Holding.

Havila Kystruten søker notering på marknadsplassen Euronext Growth ved Oslo Børs, med forventa oppstart av handel i månadsskiftet juli / august.

Konstituert direktør Arne Johan Dale reknar resultatet av emisjonen som ein ny epoke i Havila Kystruten.

- Med forventingar om stadig oppmjuking av reiserestriksjonar i tillegg til levering av dei første skipa, vil selskapet endeleg kunne tilby passasjerar verdas vakraste sjøreise, seier han.

Det er Fearnley Securities og SpareBank1 Markets som har lagt til rette for emisjonen.


Dale mellombels sjef i Havila Kystruten

Arne Johan Dale vert konstituert som adm. dir. i Havila Kystruten i sommar.



Arild Myrvoll går til Sølvtrans

Han går frå leiarstillinga i Havila Kystruten til å bli Roger Halsebakk sin nye finansdirektør i Sølvtrans.



Lokale reiselivsvertar på studietur i Havlandet:

- Ein dag full av gode opplevingar

Dei 25 plassane vart lett fylte då Havlandet As inviterte sokalla «VIP-vertar» på studietur i havgapet måndag.



Han er ny administrerande direktør i Havila Kystruten

Tidlegare driftsdirektør i Hurtigruten, Bent Martini, vert ny administrerande direktør i Havila Kystruten. Han startar i stillinga i august, opplyser Havila Kystruten.



Ordføraren vil jobbe for å skifte anløpsstad til Mjølstadneset

Ordførar Bjørn Prytz fekk føre veke løyve frå lokalpolitikarane i Herøy formannskap til å jobbe aktivt med å skifte anløpsstad for Hurtigruten og Kystruten, frå Torvik til Mjølstadneset.



Havila Kystruten har utvida liggjetida i Ålesund:

Nye moglegheiter for lokal turisme

Ingen annan stad på kystruta mellom Bergen og Kirkenes har lengre liggjetid enn Ålesund. Havila Kystruten brukar dei ekstra timane til å gje gjestane om bord nye opplevingar og reiselivet på Nordvestlandet nye moglegheiter.