Fiskeriministeren på rundtur i Herøy – fekk tydeleg tilbakemelding:

– Fordyrar og byråkratiserer

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) vitja fleire næringslivsaktørar i Herøy onsdag. Dagen starta på Fosnavåg Pelagic, der dagleg leiar Roar Aasen kom med tydelege signal for kva dei meiner fungerer og ikkje i norsk fiskeriindustri.

Roar Aasen: Dagleg leiar ved Fosnavåg Pelagic hadde særleg tre ting han ønskte å formidle. For det fyrste ønskjer han at det politisk vert verna om auksjonssystemet til Norges Sildesalgslag, for det andre må arbeidet med Fosnavåg hamn kunne skje utan at val av deponiløysing hindrar framdrifta. Til slutt var han klar i talen då han bad ministeren om at Fiskeridirektoratet ikkje må detalj-kontrollere alle steg i produksjonsprosessane deira. Fiskeindustrien blir fordyra og byråkratisert, åtvara Aasen. 

Nyhende

Det fyrste Aasen tok opp var viktigheita av å vareta auksjonssystemet til Norges Sildesalgslag. Sentralt ved noverande system er at det gir mindre bedrifter, som fiskerimottaket i Fosnavåg, moglegheit til å konkurrere om fiskebåtane sin fangst på lik linje med dei større mottaka.