- Fantastisk kjekt å møte nye sysken

- No trur eg ikkje det er fleire ukjende brør og systrer der ute. Men det er heilt utruleg at eg no har fått fem nye sysken.

Gursken; - Det er nesten så vi har kjent kvarandre frå før. Vi fann straks tonen, og det syner seg at vi har mange felles interesser. Til dømes bilar. Det er vel Tony vi har det ifrå, smiler Ronny Tandberg.  Foto: Jostein Gurskevik

Nyhende

I fjor skreiv vi om Ronny Gurskevik Tandberg, som vart kjent for det norske folket gjennom NRK-programmet «Tore på sporet». Tore Strømøy fann ikkje berre ut kven Ronny sin ukjende far var. Med på kjøpet dukka det også ei rekkje sysken.